Skulla gjern ha feira 74-årsdagen din i dag, pappa. Du e savna kvar dag️
Anders,
Det er vondt å sjå at du er borte, og eg er lei meg for ikkje å ha sett det før no, 9 månader etterpå. Vi var nære vener medan vi gjekk på gymnaset i Orkdal og seinare i studietida i Trondheim. Du var interessert i mange ting: friluftsliv, fotografering, miljøvern, livsfilosofi og politikk. Du introduserte meg for tankane til Hartvig Særta og Ottar Brox og fekk meg med i Folkebevegelsen mot EEC. I fotogruppa på gymnaset, lærte du meg framkalling og kopiering. På NTH tok du meg med på trening i Idrettsbygget og vi gjekk turar saman i marka.
Interessen din for miljøvern førte deg til 2 års studium på Kjemiavdelinga på NTH. Etter kvart fann du ut at den industrielle innrettinga ikkje høvde for deg, og du flytta til Lærerhøgskolen det tredje året.
Ingen av oss hadde lett for å ta kontakt pr post eller telefon, og da vi flytta frå Trondheim i 1976, mista vi kontakten. Det var derfor fint å møte deg att på 50-årsjubileet for gymnaskullet vårt. Eg fann deg att slik som eg hugsa deg: lyttande og tankefull utan å seie eit ord i utrengsmål. Hadde vi fått meir tid til å snakkast, hadde du kanskje, som før, delt tankane dine om det som hadde hendt. Og, som før, ville eg ha tenkt: Ja, slik var det, dette hadde eg ikkje tenkt på.
Takk, Anders.
Takk for godt vennskap